Breheimen
Statens naturoppsyn i Breheimen. Foto: Eldrid NedreloVillrein Foto: P.O.HaugenRåsane i Mørkridsdalen Foto: Liv Byrkjeland - SNOMårådalen mot Raudegga Foto: Bjørn DalenRennande vatn i Mørkridsdalen. Foto: Eldrid Nedrelo

Breheimen

- frå evig is til frodige stølsdalar

I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Verneområdet går frå det meir oseaniske klimaet i vest, over Langfjella, til det typiske kontinentale på austsida. Området strekkjer seg frå kring 100 moh. ved starten av Mørkridsdalen til toppen av Store Hestbrepigg på 2172 moh. Landskapet har blitt forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusener av år.

I dag finn ein alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre. Her er eit breidt spekter av naturopplevingar, landskapsopplevingar og friluftsopplevingar.

Sjå eit utval av bilete i biletgalleriet.


Abonner på nyhende frå nasjonalparkstyret: Klikk her

 


Nyhende

Anbod - Arbeid på buforvegar, stiar og murar i Mørkridsdalen landskapsvernområde

Legging av nye klopper på Dulsete.

Breheimen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om kjøp av teneste for istandsetting og oppgradering av buforvegar, stiar, og  murar i Mørkridsdalen landskapsvernområde. 

(Publisert:23.03.2018)

Anbod - Uttak av gran i Vigdalen landskapsvernområde

Gran på Vigdalstølen (Sagavollen).

Breheimen nasjonalparkstyre ønskjer tilbod på uttak av gran i Vigdalen landskapsvernområde. Oppdraget femner om manuell hogst og uttransport av gran frå Vigdalstølen (Sagavollen) og frå ein lokalitet ved elva aust for Vedahaugane.

(Publisert:26.02.2018 Sist endret:23.03.2018)

Endring i Breheimen nasjonalparkstyre for perioden 2016-2019

Tiriltunge (Lotus corniculatus)

Miljødirektoratet oppnemnde i desember 2017 Ivar Vistekleiven som nytt medlem i Breheimen nasjonalparkstyre. Bakgrunnen for oppnemninga var at Oppland fylkeskommune føreslo Ivar Vistekleiven som nytt styremedlem i staden for Torstein Lerhol. Vi takkar Torstein Lerhol for innsatsen og ynskjer Ivar Vistekleiven velkommen i styret! Vistekleiven er oppnemnd i brev av 04.12.2017.  

(Publisert:22.01.2018 Sist endret:23.03.2018)

Breheimen er viktig for lokal verdiskaping

Spørjeundersøkinga som vart gjennomført i 2016 viser at 3 av 4 nyttar Breheimen til dagsturar.

Dei besøkande i Breheimen ønskjer å oppleve villmark og dramatiske landskap, syner ei heilt ny besøksundersøking gjort for Breheimen nasjonalparkstyre. Dei fleste er på fottur, 40 % av dei er utlendingar, mange frå Tyskland. Trass i at dei berre er på dagstur i området, overnattar dei aller fleste i regionen. Vi er glade for at vi har fått betre oversikt over bruken av områda, fortel ...

(Publisert:21.09.2017 Sist endret:23.03.2018)

Høyring - Skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde

Kyr på beite i setergrenda på Mysubytta.

Skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde er på høyring i perioden 22. mai - 1. august 2017. Alle som har interesser i området eller som har meiningar om planforslaget er velkomne til å uttale seg. Føremålet med skjøtselsplanen er å gi råd både om naudsynte restaureringstiltak og om skjøtselstiltak som bør kome etterpå.

(Publisert:18.05.2017 Sist endret:23.03.2018)

Høyring - Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Slått på Knivabakkgjerdet, Mørkridsdalen.

Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde er på høyring i perioden 19. mai - 1. august 2017. Alle som har interesser i området eller som har meiningar om planforslaget er velkomne til å uttale seg. Føremålet med skjøtselsplanen er å gi råd både om naudsynte restaureringstiltak og om skjøtselstiltak som bør kome etterpå.

(Publisert:18.05.2017 Sist endret:23.03.2018)
Vis nyhetsarkiv