Klima- og miljøministeren markerte verneområdeutvidelsen

På veg til Viewpoint Snøhetta fekk gjestane naturvegleiing i stiv kuling midt i mot! Synlege frå venstre: Leidar v. villreinsentret Raymond Sørensen, fylkesvaraordfører i Oppland Aud Hove, naturvegleiiar Heidi Vognild, varaordførar i Oppdal Ingvill Dalseg, (leidar i nasjonalparkstyret Bengt Fasteraune) og klima- og miljøminister Ola Elvestuen. (Foto: Rebecca Nedregotten Strand)
På veg til Viewpoint Snøhetta fekk gjestane naturvegleiing i stiv kuling midt i mot! Synlege frå venstre: Leidar v. villreinsentret Raymond Sørensen, fylkesvaraordfører i Oppland Aud Hove, naturvegleiiar Heidi Vognild, varaordførar i Oppdal Ingvill Dalseg, (leidar i nasjonalparkstyret Bengt Fasteraune) og klima- og miljøminister Ola Elvestuen. (Foto: Rebecca Nedregotten Strand)

Klart ein blir forelska i området

Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark fekk ein ny beundrar då klima- og miljøminister Ola Elvestuen i dag markerte at tidlegare Hjerkinn skytefelt no er verna.

(Hjerkinn, 29.9.2018)

Fyrst fekk statsråden naturvegleiing frå Norsk Villreinsenter om historia til Dovrefjell og  Hjerkinn, før sjølve markeringa tok til inne på Viewpoint Snøhetta med panoramautsikt til det nye verneområdet. – Når ein sit her er det klart ein blir forelska i området, sa Elvestuen. I sin tale la han vekt på at Dovrefjell er eit verdifullt økosystem det er viktig å ta vare på. Spesielt i ei tid når vi står i ein alvorleg internasjonal situasjon med klimaendringar og global oppvarming. – Vi må sørge for å stoppe dei endringane som kan kome. Ein måte å møte utfordringane på er å ha store verneområde som gjer naturen meir robust.

Markeringa gjekk føre seg i Viewpoint Snøhetta (Foto Rebecca Nedregotten Strand)

Markeringa gjekk føre seg i Viewpoint Snøhetta (Foto: Rebecca Nedregotten Strand)

Frå skytefelt til nasjonalpark

- Det er heilt rått det vi har fått til her!

Dagmar Hagen i NINA har vore prosjektleiar for det som er Noregshistoria sitt største naturrestaureringsprosjekt. Ho understreka at det å attendeføre naturen i eit skytefelt slik at den kvalifiserer til å få status som nasjonalpark er noko NINA er stolte over å vere ein del av. – Det gjev håp om at ein kan reversere naturøydeleggingar og snu tap av biologisk mangfald både nasjonalt og internasjonalt. Ho rosa det gode samarbeidet som har vore mellom forskarane og Forsvarsbygg i prosjektet.

Eit samarbeid som også direktør i Forsvarsbygg, Svein Thorbjørn Thoresen, la vekt på i sin tale. – Det er med stoltheit eg står her i dag, sa han. Attendeføringa starta i 2006 og skal vere avslutta i 2020. Eit prosjekt som har ført til at Forsvarsbygg og NINA har gått nye vegar med bruk av fjernstyrte anleggsmaskinar, spesialtrena hundar og utplanting av tusenvis av vierplanter.

Bevaring av verdiar og verdiskaping

Det er brukt store ressursar på naturrestaureringa av skytefeltet som no har blitt landskapsvernområde med biotopvern. Klima- og miljøministeren var oppteken av at ein no går inn i ei ny fase der ein skal ta vare på verdiane som er her. Samstundes må ein ha ei verdiskaping saman med dette. Samfunnsutviklinga og naturforvalting må spele på lag, meiner han. Noko også styreleiar i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, Bengt Fasteraune, understreka.  - Dette området skal utviklast og takast vare på med naturen som den viktigaste premissleverandøren. Her finst alle moglegheiter for ein ny epoke når vi no innlemmer dette området som ein del av ein fantastisk nasjonalpark.

 

Bilete av dei som sto for innhaldet i markeringa...

Reb Strand (Publisert:29.09.2018 Sist endret:09.10.2018)

Dei som tok del i markeringa

Nedanfor bilete av dei som sto for programmet. (klikk på miniatyrar og pilar)