Gjende frå Besseggen Foto: Thor Østbye - SNOSmørstabbtindane Foto: Magnus SnøtunBarnas Naturoppsyn i Ringsdalen. Verdas flottaste klasserom? Foto: Magnus SnøtunVettisfossen - 275 meter fritt fall frå fjellet og ned i gjelet. Foto: Thor ØstbyeNyrestaurert steinbu ved Leirvassbu med utsyn mot Kyrkja Foto: Magnus SnøtunVillreinflokken på Berdalsfjellet. Foto: Magnus Snøtun

Jotunheimen og Utladalen

 - Jotnar på Noreg sitt tak og øksehogget i vest


«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane – trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, det namnet vi brukar i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.

Biletgalleri


Abonner på nyhende frå nasjonalparkstyret: Klikk her 


Nyhende

Offentleg høyring: Opprusting og utviding av Memurubu kraftverk

Eksisterande turbin i Memurubu kraftverk, opphaveleg produsert i 1914,

Overordna sakstype      Vasskraft Sakstype Opprustin og utviding Status Søknad Tiltakshavar Kjetil Sveine Memurubu kraftverk Fylke Oppland Kommune Lom Vassdragsområde 002DGG1Z, MURU Søkt produksjon 1,0 GWh

Utkikkspunkt Sognefjellet opna av statssekretær Hamar

Statssekretær Atle Hamar frå KLD stod for den høgtidlege opninga. Bjarne Eiolf Holø og Iselin Vistekleiven frå nasjonalparkstyret hjelpte til med snorklippinga

Statssekretær Atle Hamar stod for den høgtidlege opninga av utkikkspunktet på Sognefjellet den 20. august. Tilrettelegginga består av eit informasjonspunkt med sittegruppe, ei heilt særeiga gangbru og ein tilrettelagt gangveg på vel ein kilometer rundt vestre del av Fantesteinvatnet. Styreleiar Ivar Kvalen ønskte velkomen, og Eldri Volden Mundhjeld og Reidar Svare framførte songar med ...

(Publisert:22.08.2018 Sist endret:09.09.2018)

Stirestaurering i Jotunheimen nasjonalpark 2018 - anbod

Fylkesmannen i Oppland v/ Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen ber om pristilbod på stirestaurering i Jotunheimen nasjonalpark for sommaren 2018. Leverandøren må ha spesialkompetanse på stirestaurering ved bruk av stadeigen stein. For fullstendig utlysing, sjå Konkurransegrunnlag som kan lastast ned som pdf.

(Publisert:04.05.2018 Sist endret:09.09.2018)

Følg Lars Monsen i Jotunheimen - minutt for minutt

Fannaråken

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har opna for at NRK får nytte nødvendige tekniske hjelpemiddel for produksjon av TV-programmet "Lars Monsen - minutt for minutt". GD fortel meir om ruta og om turopplegget: https://www.gd.no/nyheter/friluftsliv/tv/denne-ruta-i-jotunheimen-skal-lars-monsen-ga-i-sommer/s/5-18-657696 

(Publisert:08.05.2018 Sist endret:09.09.2018)

Endring i Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen for perioden 2018 - 2019

Mogop

Kjersti Bjørnstad Fremstad erstattar Aud Hove som fast representant i nasjonalparkstyret for Oppland fylkeskommune frå 2018. Dette etter oppmoding frå fylkeskommunen, etter at Aud Hove gjekk inn i vervet som fylkesvaraordførar. Vi takkar Aud Hove for innsatsen, og ønskjer Kjersti Bjørnstad Fremstad velkomen inn i styret!

(Publisert:03.01.2018 Sist endret:09.09.2018)

Frist for behandling av søknadar

Frister for behandling av søknad om dispensasjon frå verneforskriftene:  Saker til nasjonalparkstyret: 3 veker før møtedato Saker til arbeidsutvalet: 1 veke før tiltak Saker til administrativ behandling: 1 veke før tiltak. Saka sitt omfang, type mm. avgjer om saka kan behandlast administrativt, av AU eller om heile styret må behandle saka.  Bakgrunn for fastsette tidsfristar er ...

(Publisert:05.09.2017 Sist endret:09.09.2018)
Vis nyhetsarkiv