Til startsiden

Besøksstrategi for SVR

Ein besøksstrategi er ein plan for informasjon og tilrettelegging i og inn mot verneområda. Besøksstrategien skal vise kva for tiltak (informasjon, fysisk tilrettelegging, sonering, oppsyn etc.) som er naudsynt for å balansere verneverdiar, besøkande og lokal verdiskaping i et verneområde, slik at ein oppnår størst moglig nytte for alle tre interesser.

 

Forslag til besøksstrategi for SVR er nå sendt ut på høyring med uttalefrist 15. oktober 2018.

Høyringa er open for alle.

Lenger ned på sida finn du lenke til sjølve besøksstrategidokumentet, høyringsbrevet og liste over høyringspartar.

Her finn du og lenke til dei ulike høyringsuttalene.

(Publisert:29.08.2018 Sist endret:02.11.2018)